Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kva ønskjer du å låne av oss?

... gå direkte til:

Retningslinjer for lån av utstyr

Les desse retningslinjer nøye før du lånar, hentar og leverar utstyr.

  • Lån av utstyr bør helst gjerast gjennom vår elektroniske utlånsportal. 
  • Ein kan låne fleire produkt om gongen, men med ei maksgrense på 5.
  • Under kvart produkt finn du ein kalendar der du kan bestille for ein aktuell periode (maks 7 dagar). Ein vil også kunne sjå om produktet då er ledig for den aktuelle perioden.
  • Personopplysningar og eigenerklæring skal fyllast ut før ein sender bestillinga.
  • Lesa gjennom våre utlånsbetingelsar.
  • Når bestillinga er sendt vil du motta ein kvittering på mail. På denne mailen vil det også verte oppgitt hente og leveringsinformasjon.
  • Alt utstyr må vera tørka og reint ved tilbakelevering.
  • SognaBUI står ikkje ansvarleg ved ev.skade på personar som nyttar utstyret.
  • Born under 18 år må ha med fullmakt frå føresette(+mob.nr) ved lån av utstyr.
  • Vert noko av utstyret skada, må dette rapporterast til SognaBUI ved tilbakelevering, slik at dette kan reparerast eller skiftast ut.